Blanke statuettar på premiefest

Jenter 12 år.
Jenter 12 år.

Unge jenter og gutar i Sunnylven IL fekk påfyll i premiehylla søndag. På Sunnylven samfunnshus var det premiefest for fotballåret 2015.

Søndag dryssa det diplom og blanke fotballstatuettar til mange då Sunnylven Fotball yngres avdeling avslutta fotballåret med premiefest og bingo.

Det var eit høgt tal unge, lovande jenter og gutar på sju fotballag som vart feira og premierte søndag. Då var ein lang, men flott fotballsesong over. Til saman 67 spelarar frå G8-laget til jenter 16 fekk diplom og statuettar, tildelt av sine trenarar og oppmenn.

Fotballeiar i Sunnylven IL Leif Rune Tryggestad leia premieutdelinga. Han takka trenarar, oppmenn, banenemnd og andre for god innsats gjennom fotballåret. –Mange har hjelpt til og det resulterte i ein triveleg og vellukka fotballsesong, sa han mellom anna.

Tryggestad fortalde også at klubben har hatt fire unge fotballdommarar som har leia aldersbestemte kampar. Ottar Frøysa Hellebostad, Olene Lade, Brede Ringdal og Madelen Seline Frøysadal Hauge fekk alle gode ord av Tryggestad for god kampleiing og fekk kvar sin premie for innsatsen.

Sunnylven Fotball, ynges avdeling hadde sju lag, både som 7ar-lag og 9ar-lag. Klubben fekk dispensasjon frå Fotballkrinsen til å bruke tre gutespelarar på J16-laget då Sunnylven ikkje hadde gutelag på det aldersnivået i år. Her er laga med antall spelarar, trenarar og oppmenn:

G8: Sju spelarar, Sven Roger Alme, Silje Stadheim.

J9: Ni spelarar, Synnøve Kjellstad, Nanna Tronstad

G11: Åtte spelarar, Jørgen Helset, Rita R. Røyrhus

J12: Ti spelarar, Bård Forbord, Lillian Aasheim, Egil Røyrhus.

G13: Tolv spelarar, Tor Odd Kjellstadli, Vidar Even Leite, Rolf Fivelstad

J14: Åtte spelarar, Jens Arve Forbord, Hans Hole, Jorun Trøen

J16: Tretten spelarar, Kirsti F. Hauge, Knut Dag Langeland, Geir Frøysa.

Unge klubbdommarar, rå venstre Olene, Madelen, Ottar, Brede. Til høgre fotballsjef Leif Rune Tryggestad.
Unge klubbdommarar, frå venstre Olene, Madelen, Ottar, Brede. Til høgre fotballsjef Leif Rune Tryggestad.
Gutar 13 år.
Gutar 13 år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380