Formannskapet i Stranda kommune

Formannskapet

Stranda senterparti fekk fire medlemer i formannskapet då nye Stranda kommunestyre gjorde unna fleire val på møtet 7. oktober.

Det nye formannskapet i Stranda fekk slik samansetjing under konstituerande møte sist onsdag:

Jan Ove Tryggestad (1961) Sp, Ann Kristin Langeland (1971) Sp, Ingvild Eirin Nykrem (1981) Sp, Randi Sæter (1973) Sp, Arild Ringdal (1961) Ap, Frank Edvard Sve (1968) Frp, Svein Erik Rimstad (1969) H.

Det nye formannskapet i Stranda har medlemer med lang politisk erfaring, men også nye i kommunal politikk. Ordførar Jan Ove Tryggestad og varaordførar Arild Ringdal og Frank Edvard Sve har fleire periodar bak seg som folkevalde, både i kommunestyre, formannskap og diverse utval. Også Ann Kristin Langeland kjenner nok Stranda kommune frå fire år som rådmann, frå 2009 til 2013. Ingvild Eirin Nykrem, Randi Sæter og Svein Erik Rimstad er nyvalde i komande periode.

Stranda senterparti kom inn med heile fire medlemer i formannskapet, noko som skuldast eit godt valresutat med over 46,- prosent oppslutnad, men også kravet til kjønnskvotering.

På biletet er det nye formannskapet i Stranda kommune. Frå venstre Ingvild Eirin Nykrem, Jan Ove Tryggestad, Ann Kristin Langeland, Randi Sæter, Arild Ringdal, Frank Edvard Sve, Svein Erik Rimstad.

(Foto: Gunnar Sårheim Fivelstad)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380