Fylkestinget i Geiranger

Jon Aasen frå Vanylven fekk fornya tillit for fire nye år som fylkesordførar for Møre og Romsdal. (Bilde frå opning av utkikspunkt på Ljøen i august 2013)
Jon Aasen frå Vanylven fekk fornya tillit for fire nye år som fylkesordførar for Møre og Romsdal. (Bilde frå opning av utkikspunkt på Ljøen i august 2013)

Under fylkestinget sitt konstituerande møte i Geiranger måndag vart Jon Aasen (Ap) valt til fylkesordførar og Gunn Berit Gjerde (V) som fylkesvaraordførar.

Frank Sve (Frp) frå Stranda vart valt inn som medlem av fylkesutvalet under fylkestinget sitt konstituerande møte i Geiranger måndag. Fylkestinget held fram også tysdag 13. oktober.

Jon Aasen (Ap) vart samrøystes valde som fylkesordførar med Gunn Berit Gjerde (V) som fylkesvaraordførar for dei neste fire åra. I fylkesutvalet som består av 13 representantar kom desse med:

Jon Aasen, Tove Lise Torve, Per Vidar Kjølmoen, Eva Vinje Aurdal, alle Arbeiderpartiet,

Gunn Berit Gjerde og Ivar Nordseth, Venstre,

Kristin Marie Sørheim, Senterpartiet,

Charles Tøsse og Torgeir Dahl, Høgre,

Frank Sve og Margareth Hoff Berg, Framstegspartiet,

Steinar Reiten, Kristeleg Folkeparti,

Mette Belden, Nordmørslista.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380