Fyrste dag i ny jobb

I dag hadde fotterapeut Ragnhild Farstad Runde sin fyrste dag på jobb på Hellesylt.
Ho er utdanna fotterapeut og sjukepleiar. Ho vil vere på Hellesylt kvar 14. dag no i byrjinga, men om etterspurnaden er god vil ein vurdere om dette kan bli eit hyppigare tilbod. Ragnhild held til på Sunnylven omsorgssenter.