LokalnyttLokalsport

God sesong for damelaget

Samarbeidslaget Stranda/Sunnylven har gjort ein fin sesong i 3. divisjon kvinner og kjempar om bronseplassen på tabellen.
Samarbeidslaget Stranda/Sunnylven har gjort ein fin sesong i 3. divisjon kvinner og kjempar om bronseplassen på tabellen. (Foto frå arkivet)

Stranda/Sunnylven sitt damelag i fotball har på to kampar sikra seg fire poeng.

I 3. div. kvinner var det 23. september beramma seriekamp mellom Stranda/Sunnylven og Aksla/Fortuna på Hellesylt stadion. By-laget møtte ikkje og no har Sunnmøre Fotballkrets sett resultatet til heimesiger 3-0 og 3 poeng til Stranda/Sunnylven.

Tysdag 6. oktober møtte laget Brattvåg på Stranda stadion. Her gjekk det betre enn i den fyrste kampen i Brattvåg der vertane vann 7-2. No vart det uavgjort 1-1 etter skåring for heimelaget av Kirsti Frøysadal Hauge.

Stranda/Sunnylven ligg på 4. plass på tabellen og kan gå forbi Brattvåg på tredje plass om det blir siger borte mot FK Sykkylven komande tysdag som er siste kamp for laget denne sesongen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380