Handla go`mat frå Ole Ringdal AS

Mannskap frå KNM Roald Amundsen med tunge matkasser. Frå venstre Yngve Mæland, Iris Fivelstad, Oda Norheim, Ole-Magnus Sjøli, Kjetil Fuglestein. Bakerst Ole Arnstein Ringdal.

Mannskap frå KNM Roald Amundsen med tunge matkasser. Frå venstre Yngve Mæland, Iris Fivelstad, Oda Norheim, Ole-Magnus Sjøli, Kjetil Fuglestein. Bakerst Ole Arnstein Ringdal.

Å handle kjøttvarer ved Ole Ringdal AS var oppdraget til KNM Roald Amundsen då fregatten stemna inn Storfjorden til Hellesylt tysdag.

Gråmåla KNM Roald Amundsen kom til Hellesylt i tretten-tida tysdag. Ombord på fregatten var orlogskaptein og nestkommanderande Iris Fivelstad, for dei fleste kjent som eigar av Villa Norangdal. No var ho ombord på sin andre arbeidsstad.

KNM Roald Amundsen og mannskap kom frå Bergen og var på veg til nord-Norge. På Sunnmøre stakk dei like godt inn Storfjorden og heilt inn til Hellesylt for å handle kjøtvarer hos Ole Ringdal AS. Også sjøforsvaret har fått med seg at kjøtvarebedrifta sel landets beste fårikålkjøt.

-Vi er langt frå matlause om bord, men eg veit at bedrifta på Hellesylt har gode varer, og vi har fått med oss at dei kom best ut i VG sin test av fårikålkjøt. Vi hadde tid til ein avstikkar, og så var det ein fin sjanse for med å få vise fram den flotte heimbygda mi, sa Iris Fivelstad der ho bar på tunge matkasser saman med andre av mannskapet.

Hos Ole Ringdal vart det handla godt, både grillmør, assortert pålegg og fårekjøt. Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal frakta sjølv varene til cruisekaia på Hellesylt og orienterte litt om den 77 år gamle, tradisjonsrike kjøttvarebedrifta til mannskapet som var i land.

Om bord på fregatten stod eit Air Lift-helikopter. Iris Fivelstad fortalde at på turen vidare nordover skulle det øvast på flytting av mannskap til og frå skipet.

På kaia fortalde dagleg leiar Ole A. Ringdal litt om bedrifta og produksjonen.

På kaia fortalde dagleg leiar Ole A. Ringdal litt om bedrifta og produksjonen.

KNM Roald Amundsen nær kai på Hellesylt tysdag.

KNM Roald Amundsen nær kai på Hellesylt tysdag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380