Haustfest i Pensjonistlaget

Torsdag er det haustfest i Sunnylven Pensjonistlag på Peer Gynt Galleriet.

Torsdag er det haustfest i Sunnylven Pensjonistlag på Peer Gynt Galleriet.

Sunnylven Pensjonistlag inviterer til haustfest med fårikålmiddag, underhaldning, lotteri og mykje godt prat på Peer Gynt Galleriet torsdag 15. oktober.

Det blir velsmakande servering når Sunnylven Pensjonistlag inviterer til haustsamling på Hægstad, Peer Gynt Galleriet torsdag 15. oktober. Der blir det festmiddag med fårikål og sjølvsagt poteter til. Vi er ganske sikre på at råvarene til middagen er henta frå Ole Ringdal AS, hundre meter unna. Som kjent leverer kjøttvarebedrifta det aller beste fårikålkjøtet i landet i følge VG + sin blindtest nyleg.

Kåseri, song og musikk

Vertskapet har hyra inn Maria Langeland som syng og spelar gitar, og Liv Randi Bjørlykke kjem for å kåsere. Læraren frå mellom anna Vestborg vidaregåande skule på Stranda har skrive fleire bøker, og reiser stadig rundt med kåseri. Og framifrå målbruk i sine kåseri gav henne Sunnmøre Mållag sin målpris for 2014. Torsdag kåserer Liv Randi Bjørlykke på hausttreffet til Sunnylven Pensjonistlag.

God oppslutnad

I tillegg til servering og program blir det tombola og god tid til prat om laust og fast, heiter det i invitasjonen som er sendt ut. Samlinga foregår i Galleriet der Peer Gynt-relieff prydar veggflatene.

Leiar i Sunnylven Pensjonistlag, Astrid Langeland har knapt 60 påmelde til festen. Ho opplyser at fristen for påmelding har gått ut, men skulle det vere nokon som ikkje har huska å melde seg på men ynskjer å ta del kan det ordnast om det skjer i løpet av tidleg måndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380