Lokalnytt

Ikkje HUL-komedie i romjula

I fjor hadde HUL-teatret suksess med "Kona eller livet". Aktørar frå venstre Per Kjell Leite, Ole Hjalmar Bonsaksen, Kristin Storstein, Marianne Fivelstad, Per Ove Frøysa, Markus Tryggestad Forbord.
I fjor hadde HUL-teatret suksess med «Kona eller livet». Aktørar frå venstre Per Kjell Leite, Ole Hjalmar Bonsaksen, Kristin Storstein, Marianne Fivelstad, Per Ove Frøysa, Markus Tryggestad Forbord.

Det blir ikkje romjulskomedie med HUL-teatret i år. Teatergruppa har ikkje fått fylt opp rollelista.

Mange har kan hende alt sett fram til 4. juledag og romjulsspel med HUL-teatret. Eit årvisst arrangement som har fylt opp Sunnylven samfunnshus til siste stol. Slik blir det ikkje i år då teatergruppa i HUL ikkje har fått ja frå mange nok til å fylle rollelista til eit nytt skodespel. Difor blir det ikkje romjulsspel i år, det vedtok teatergruppa i Hellesylt Ungdomslag på eit møte torsdag kveld.

-Vi hadde eit manus med åtte roller, men når vi skulle fylle opp med aktørar vart vi for få. Vi har spurd mange, men fått ja frå berre tre denne gongen grunna ulike årsaker. Så difor er vi nøydde til å skrinlegge teateroppsetjing 4. juledag. Vi satsar på å kome sterkare tilbake neste år, seier leiar i teatergruppa i HUL, Randi Sæter.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380