LokalnyttLokalsport

Kristian André vann minnepokal

Kristian Andre fekk overrakt pokalen av fotballeiar Leif Rune Tryggestad
Kristian Andre fekk overrakt pokalen av fotballeiar Leif Rune Tryggestad

Kristian André Frøysadal Hauge vart uttrekt som vinnar av Rasmus Matviks minnepokal og vart overrakt troféet på premiefesten i yngres fotball søndag.

Leif Rune Tryggestad var fyrste vinnar av Rasmus Matvik`s minnepokal. Søndag var fotballeiaren i Sunnylven Fotball utdelar av den gjeve premien, og den overrekte han til Kristian André Frøysadal Hauge som har spela på G13-laget.

Til no har trofeet blitt delt ut fjorten gonger og vinnaren trekt ut etter framlegg frå trenarane på ungdomslaga frå 12 år og oppover som har nominerar to spelarar kvar. Kriteriar det blir lagt vekt på er positiv haldning, god innsats og godt treningsframmøte. Minnepokalen gjekk i år til ein populær vinnar etter jubel og applaus å dømme.

Tidlegare har desse blitt trekt ut som vinnarar: Leif Rune Tryggestad, Ingvild Guro Hole, Svein Erik Frøysa, Martine Tryggestad Forbord, Linn Helene Brekke, Markus Tryggestad Forbord, Henning Frøysa, Ingeborg Langeland, Håkon Elias Kjellstad, Stian Frøysa, Ottar Frøysa Hellebostad, Gina Gausemel, Malin Taraldset Fivelstad.

Kristian André Frøysadal Hauge var den fjortande vinnaren av den flotte pokalen. No får han ha ståande pokalen på premiehylla, i alle fall i eitt år. Neste år blir siste kandidat trekt ut og året etter skal pokalen trekkjast til odel og eige mellom ein av dei femten vinnarane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380