Kyrkjekonsert for årets TV-innsamling

Joyful er mellom aktørane til inntekt for Regnskogfondet.

Joyful er mellom aktørane til inntekt for Regnskogfondet. (Bilete frå arkivet)

I samband med årets TV-innsamling der pengane går til Regnskogfondet, blir det konsert i Sunnylven kyrkje laurdag 17. oktober.

«Vi skal vokte regnskogen» er slagordet for årets TV-innsamling søndag 18. oktober. I Stranda kommune består innsamlingskomitéen av Jan Ove Tryggestad, Arild Ringdal og Aud Tomasgard Berstad, men komitéen har også mange hjelparar. I alle bygdelag kjem det rundt bøsseberarar søndag 18. oktober der ein håper folk er like rause med pengegåver som under tidlegare innsamlingar.

Mange aktørar frå kulturskulen

Rause er også alle som stiller opp på kulturkonsert i Sunnylven kyrkje til inntekt for innsamlinga. –Vi har fått ja frå eit rikt spekter av unge og eldre frå alle bygdelag i kommunen som vil underhalde med song, musikk og opplesing, fortel Aud Tomasgard Berstad. Ho ramsar kjapt opp fleire av aktørane, Sunnylven skulekorps, Joyful song, Maria Langeland gitar og song, Ida Ødegård song, Benjamin Rekdal, sakofon, Sofie Berge fløyte, Tove Havnen Hansen trompet.

Les dikt av Ringdal

Inghild Storstein vil lese dikt av Ivar Ringdal, diktaren som vart fødd i november for hundre år sidan. Det blir helsingar frå fylkesleiar for innsamlingsaksjonen, Marius Hammer og av ordførar Jan Ove Tryggestad. Ann Kristin Langeland er programvert under konserten i Sunnylven kyrkje laurdag 17. oktober klokka 16.00.

Bøsseberarar frå idrettslaget

I Sunnylven er det i år som mange gonger tidlegare medlemer i Sunnylven IL som går rundt med innsamlingsbøsser. Det skjer søndag 18. oktober mellom klokka 14.00 og 17.30, opplyser leiar i idrettslaget Jens Vik.

Sunnylven skulekorps blir å høyre i Sunnylven kyrkje laurdag 17. oktober. (Bilete frå arkivet)

Sunnylven skulekorps blir å høyre i Sunnylven kyrkje laurdag 17. oktober. (Bilete frå arkivet)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380