Lokalnytt

Laurdagsbasar med sanitetslaget

Her er ein del av gevinstane som sanitetslaget loddar ut på laurdagsbasaren.
Her er ein del av gevinstane som sanitetslaget loddar ut på laurdagsbasaren.

Sunnylven sanitetslag inviterer til laurdagsbasar 17. oktober på Sunnylven samfunnshus.

Det er kome inn mange flotte gevinstar til Sunnylven sanitetslag sin årlege basar laurdag. Basaren er på dagtid på Sunnylven samfunnshus.

Det historiske og tradisjonsrike trekkjarapparatet til sanitetslaget som har namnet «Skramlå» blir ikkje i bruk denne gongen. Laurdag er det rullelodd ein må kjøpe om ein skal bli heldig vinnar av ein eller fleire av dei flotte gevinstane. I år er det mykje «varmande» handarbeid, raggsokkar, gensar og luer, men også fine ting som er kjøpt eller gjeve av privatpersonar og bedrifter.

Det blir også sal av lapskaus, kaffi og kaker. Basarlokalet opnar klokka 13.00 og sluttar 15.30, i god tid før konserten i Sunnylven kyrkje for årets TV-innsamling.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380