Mange registreringar i fjelltrimmen

I tillegg til gåvekort og andre premiar delte trimgruppa ut diplom til 23 born som hadde levert trimskjema.

I tillegg til gåvekort og andre premiar delte trimgruppa ut diplom til 23 born som hadde levert trimskjema.

Søndag inviterte trimgruppa i Sunnylven IL til stor premiefest for fjelltrimmen 2015, eitt av dei beste trimåra med over 13000 registreringar.

-I sommar var det mykje grått ver så vi venta nedgang i besøkstala i høve til i fjor. Då fekk vi eit trimår som auka besøkstala frå året før med 20 prosent. Men også 2015 vart svært bra. Folk trimmar uansett veret, det vart registrert over 13000 besøk til saman på dei 25 trimpostane, ein nedgang frå rekordåret før på 2.9 prosent, eller knapt 400 ferre besøk.

Det sa Jostein Ringdal i trim/friidrettsgruppa før han og styremedlem Ruth Hole Aaland delte ut uttrekte gåvekort og diplom til ei lang rad spreke fjelltrimmarar.

Det var selt 108 trimskjema før sesongen og 55 vaksne og 23 born hadde levert inn sine registreringar på ti eller fleire postar. 26 vaksne og 6 born hadde vore på alle 25 postane, frå lavlandsposten ved Shell-kaia, to meter over havet til Steimsnibba (1285) og Nokkenibba 1380 meter over Verdsarvfjorden. Dei seks unge var Simen Frøysa Hellebostad, Ottar Frøysa Hellebostad, Anna Storstein Forbord, Marie Storstein Forbord, Mats Storstein Forbord og Kristen Brenne Ringdal, seks år.

Premierte

23 born fekk diplom. Desse fekk i tillegg gåvekort og andre uttrekspremiar:

G-sport gåvekort 500,- kroner: Simen Frøysa Hellebostad og Randi Nybø Ringdal.

G-sport gåvekort 300.- kroner: Mats Storstein Forbord og Wenche Tryggestad

G-sport gåvekort 200.- kroner: Ane Brenne Ringdal og Erna Hellebostad

På grunn av at det vart selt mange trimskjema før sesongstart vart det trekt ut to ekstra gåvekort som gjekk til Helene Hellebostad og Alf Helge Nessan.

Ryggsekkar: Kasper Ringdal, Nikoline Frøysa Hellebostad, Markus Alme.

Pledd: Tonje Støverstein, Kristine Ringdal Liavåg, Ingeborg Fivelstad Stadheim.

Trimtreff i mørkret

Trimsjef Jostein Ringdal opplyste til slutt under premieutdelinga at onsdag 11. november blir det trimtreff i mørkret, eit arrangement som tidlegare år har vist seg å vere populært. Denne novemberkvelden går turen i Kjellstaddalen med start frå grendahuset på Tronstad til trimposten der det blir registrering mellom kl. 18.00 og 19.00.

Nokre av dei unge, spreke, frå venstre Mats Storstein Forbord, Simen Frøysa Hellebostad, Kasper Ringdal, Lone Ringdal, Kristen Brenne Ringdal. Til høgre trimleiar Jostein Ringdal.

Nokre av dei unge, spreke, frå venstre Mats Storstein Forbord, Simen Frøysa Hellebostad, Kasper Ringdal, Lone Ringdal, Kristen Brenne Ringdal. Til høgre trimleiar Jostein Ringdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380