Lokalnytt

17.000,- på laurdagsbasar

Anne Grete Frøysa til høgre og Heidi M. Hauge var mellom dei heldige vinnarane på laurdagsbasaren.
Anne Grete Frøysa til høgre og Heidi M. Hauge var mellom dei heldige vinnarane på laurdagsbasaren.

Sunnylven sanitetslag sin laurdagsbasar vart godt besøkt.

Snora var nok ikkje så lang som i «gamle dagar», men den var på plass også i år i nyesalen på Sunnylven samfunnshus der Sunnylven sanitetslag inviterte til sin årlege laurdagsbasar. Mange kom innom for å prøve vinnarlukka, men også for å treffe kjente og slå av ein prat. Mellom evinstane i år var mykje handarbeid, men også andre fine ting som fylte opp på fleire bord og som frista loddkjøparane.

I år var det ikkje loddbøker, men berre snurrelodd og dei gjekk unna. Alt var utselt på vel to timar som basaren varte. Godt sal var det også av både lapskaus, kaffi og kaker. Lite vart løyvd og i lagskassa kom det inn rundt 17.000.- kroner. Det var arrangøren svært godt nøgde med.

Driftige sanitetsdamer, frå venstre. Ruth Hole Aaland, Ester Kjellstadli, Ingebjørg Sårheim Fivelstad, Britt Hauge, Solfrid Onsøien Lien, Anne Marie Hauge Ljøen.
Driftige sanitetsdamer, frå venstre. Ruth Hole Aaland, Ester Kjellstadli, Ingebjørg Sårheim Fivelstad, Britt Hauge, Solfrid Onsøien Lien, Anne Marie Hauge Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380