Lokalnytt

Nesten på Spønhaugen

Onsdag er siste arbeidsdag for Dilli Magar, Martin Erbem og Sonam Tashi.
Onsdag er siste arbeidsdag for Dilli Magar, Martin Erbem og Sonam Tashi.

På Ljøen er sherpaer og gravemaskina snart oppe på Spønhaugen. Då er dei i mål med det planlagde arbeidet på Den Trondhjemske postveg for i år. Til våren startar nye etapper med utbetring.

Veret har vore svært bra for karane som har jobba med å forbetre turråsa etter Den Trondhjemske postveg frå fylkesvegen på Ljøen og oppover. Martin Erbem frå Polen køyrer minigravemaskin og med seg har han hatt to sherpaer frå Nepal, Sonam Tashi og Dilli Magar.

Dei tre starta på jobben tidleg i september og no er dei nær målet for i år som er Spønhaugen, om lag halvvegs til Ljøsætra. Onsdag blir siste arbeidsdag i haust, men til våren i april/mai er dei tilbake. Då held arbeidet fram mot Ljøsætra.

Store vegskadar

Det er Ljøbrekkas Vener som organiserer arbeidet med å utbetre Postvegen over Ljøbrekka, ein turveg med flott natur og mykje kultur i seg. I fjor vart det gjort godt arbeid på Herdalsida, og i september i år kom arbeidet på Ljøen og oppover i gong. Det var ei utbetring som var svært nødvendig, for ver og vind hadde med åra gjort store skadar. Turråsa var nærmast som eit bekkefar fleire stader.

Fin arbeidsplass

No er strekninga oppover til Spønhaugen blitt ein flott turveg igjen. Murar som var rausa ut er mura opp igjen, grøfter og stikkrenner er fornya og vegen har også blitt utvida. Alt arbeid har gått utan uhell av noko slag, fortalde Martin Erbem. Og alle tre er kjempenøgde med veret og ikkje minst utsikta frå arbeidsstaden sin på Ljøen.

Ferdig neste år

Leiar i Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal jobbar no med kostnadsoverslag over delprosjekt to, frå Spønhaugen til Ljøsætra. Det ligg an til å bli ein kostnad på 2.1 mill. kroner, seier han. Tek ein med strekninga frå sætra til brekkekanten nærmar det seg 3.0 mill. kroner. Ein del av dette får foreininga dekt gjennom spelemiddlar, men det meste må samlast inn gjennom gåver. Kjem finansieringa på plass, vil heile strekninga frå Ljøen til Herdal vere restaurert i løpet av neste år, trur Petter Hjørungdal.

Utbetra turrås
Utbetra turrås

Ljøbrekka C

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380