Ny utstilling av pepperkakehus

Også i fjor kom det inn mange og flotte pepperkakebyggverk.

Også i fjor kom det inn mange og flotte pepperkakebyggverk.

Også i år blir kreative arkitektar og entreprenørar utfordra i å bygge pepperkakehus for utstilling under julemessa og juletombolaen.

Å bygge pepperkakehus er både for unge og eldre i samband med årlege juletombola. Om ein vil bygge eit vanleg pepperkakehus, ei kyrkje, eit slott eller ei anna bygning er valfritt, men arrangøren ynskjer ikkje alt for store konstruksjonar. Byggverka kan leverast laurdag 28. november på samfunnshuset. Frå klokka 10.00 denne dagen er vi på plass for å ta mot, seier Barbro Lade.

–Vi stiller ut alle pepperkakehusa på scena i samfunnshuset og dagen etter under juletombolaen til skulekorpset blir tre av dei som har levert bidrag trekte ut og får ein liten premie. I år må alle som leverer pepperkakehus sjølve vere ansvarlege for å flytte byggverka til Sparebanken Møre om dei vil ha dei på utstilling der, eller ta dei med heim etter at juletombolaen er slutt, seier Barbro. Ho oppmodar alle om å begrense litt på storleiken, helst ikkje større enn at det kan plasserast på eit serveringsbrett, seier ho.

 


 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380