LokalnyttLokalsport

Over 13000 besøkte trimpostar

Åsenakken var ein av trimpostane med god auke. Her er elevar frå Sunnylven skule på toppen.
Åsenakken var ein av trimpostane med god auke. Her er elevar frå Sunnylven skule på toppen. (Foto: Sunnylven skule)

Søndag 25. oktober blir det stor premiefest for fjelltrimmen 2015. Det vart registrert over 13000 besøk på dei 25 trimpostane i løpet av året.

Søndag 25. oktober er det premiefest med utdeling av diplomar og G-sport gåvekort til born og vaksne i fjelltrimmen. Festen blir i samband med fotballbingoen på Sunnylven samfunnshus.

Som åra før blir det trekt ut vinnarar av gåvekort på 500 kr mellom vaksne og barn som har gått alle postane, det blir trekt gåvekort på 300 kr til vaksne og barn som har gått 10 postar eller meir, og uttrekte gåvekort på 200 kr mellom alle som har levert trimskjema, både til både born og vaksne.

Det vart ny rekord med 108 selde skjema i år. Trimgruppa deler ut eit ekstra gåvekort på 300 kr trekt blant alle som har levert skjema, og eit på 200 kr blant alle born som har levert skjema.

Veret i sommar gjorde nok sitt til at besøkstala på trimpostane totalt hadde ein nedgang frå året før på 2.9 prosent. Likevel er over 13000 besøk svært bra, heiter det frå trimgruppa i Sunnylven IL.

Best besøkte trimpostar:

Ikkje uventa var det trimposten på Shell-kaia som hadde flest registrerte besøk i 2015. Men også sendaren på Ringdal, dei to postane på Flofjellvegen ved Nedstevatnet og Stigholen vart besøkt av over tusen trimmarar.

Deretter er det tre postar i nærområde, Berga, Karbømarka og Hellebostadmarka, før to litt høgare, Ljøbrekka og Skaret. Vinterposten Høgane hadde stor framgang, frå 125 registrerte besøk i 2014 til 526 i år.

Oversikten viser nedgang på Steimsnibba, stabilt på Nokkenibba og oppgang for Åsenakken.

Shell-kaia, 1771

Sendaren Ringdal, 1258

Nedstevatnet, 1088

Stigholen, 1066

Berga, 989

Karbømarka, 873

Hellebostadmarka, 739

Ljøbrekka, 702

Skaret, 683

Kjellstaddalen, 678

Antall innleverte trimskjema 2015:

Vaksne alle poster: 22, born alle poster: 6

Vaksne 10 postar eller fleire: 24, born 10 postar eller fleire: 16

Vaksne under 10 postar: 7, born under 10 postar: 2

Oversikt over besøk som pdf.

Besøk trimposter 2015

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380