Planlegg ny utbygging i Hyttehola

Hyttehola Fleirbruksanlegg er ein myldreplass for fysisk aktivitet sommar som vinter for både unge og eldre.

Hyttehola Fleirbruksanlegg er ein myldreplass for fysisk aktivitet sommar som vinter for både unge og eldre.

Sunnylven Idrottslag og Sunnylven Skyttarlag planlegg ny utbygging i Hyttehola, mellom anna klubbhus med opphald -og sanitæranlegg.

Hyttehola Fleirbruksanlegg ved Tronstad har blitt bygd ut i fleire etappar. Fyrst opna Sunnylven Skyttarlag ny skytebane i 1988, deretter kom Sunnylven Idrottslag med lysløype for tur og langrenn i november 2002, og til slutt vart eit moderande skiskyttaranlegg med 15 skiver opna i mars 2009.

Anlegget har mangla garasje for trakkemaskin og eit klubbhus med nødvendige fasilitetar, men no er planane lagde for også ei slik utbygging. Dei to laga, idrettslaget og skyttarlaget har gjennom Stranda kommune søkt om spelemiddlar til nye bygg i Hyttehola Fleirbruksanlegg på knappe 2.5 mill. kroner.

Utan kommunalt tilskot

Planane går ut på å reise eit klubbhus på 13.5 gange 25.0 meter i ein etasje med varmestove, kjøkken, sanitæranlegg, smørjebod og overbygd standplass for 200 meter, ein garasje til trakkemaskin og scooter på 9.0 gange 12.0 meter, og ny emit –og speakerbud.

Total kostnad er berekna til 2.472.000,- som er tenkt finansiert slik;

Eigenandel frå dei to utbyggarane, kr. 200.000.-

Spelemiddlar                                       kr. 824.000.-

Dugnad                                                 kr. 148.000.-

Lån Sunnylven Idrottslag                   kr. 650.000.-

Lån Sunnylven Skyttarlag                 kr. 650.000.-

Det er ikkje søkt om kommunalt tilskot til utbygginga.

Stort vedlikehald

Denne utbygginga er svært nødvendig, seier Magne Brekke, styremedlem i Sunnylven Idrottslag. Han fortel om kostnader for dei to laga grunna dårleg standard og mangel på bygg i Fleirbruksanlegget. At trakkemaskina må stå ute heile året er ikkje bra, vedlikehaldet blir ekstra, mellom anna må det no kjøpast nye belte. Og grunnen under standplassbygget har sege og taket lek så også der står det føre nye kostnader, seier Brekke.

Sunnylven Idrottslag og Sunnylven skyttarlag har sendt inn søknad på spelemiddlar til den planlagde utbygginga i Hyttehola innan fristen 15. oktober. Tiltaket står på handlingsplanen for idrettsanlegg og fysisk aktivitet i Stranda, så no er det behandling i Idrettsrådet og Stranda kommunestyre som står for tur før søknaden om spelemiddlar skal sendast fylket før 1. desember.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380