Resultat frå innsamlingsaksjonen 2015

Årets innsamlingsaksjon gjekk i år av stabelen 18 oktober. TV-aksjonen 2015 går til Regnskogfondet sitt arbeid med å redde regnskog i nært samarbeid med dei menneska som bur der. Midlane frå årets TV-aksjon skal redde eit regnskogsområde større enn heile Norge og Danmark til saman.
Samla resultat frå bøsseinnsamling i Stranda kommune vart i år 88.509,50 kroner.
Dette fordelte seg slik på dei ulike bygdelaga:
Geiranger: 7.932 kroner
Liabygda: 5.660 kroner
Stranda: 59.787,50 kroner
Hellesylt: 15.130 kroner
I tillegg vart det tatt opp kollekt i kyrkjene:
Sunnylven kyrkje: 1.485 kroner
Stranda kyrkje: 3.628 kroner
Innsamlingskonserten i Sunnylven kyrkje, laurdag 17 oktober gav 6.450 kroner
Barbro Lade var ein av mange innsamlarar på Hellesylt.