Slutt på sommatid søndag.

Natt til søndag 25. oktober er det slutt på sommartid og då skal klokka stillast tilbake frå 03.00 til 02.00.
Natt til søndag 25. oktober er det slutt på sommartid og då skal klokka stillast tilbake frå 03.00 til 02.00.

Natt til søndag 25. oktober er det slutt på sommartid for i år. Klokka skal stillast ein time tilbake.

Sommartid vart fyrste gong innført av Tyskland i 1916 ved å stille klokka ein time fram om våren. Året etter gjorde Norge og fleire andre Europeiske land det same. Årsaka var at ein fekk ein time ekstra lys på sommarkveldane.

I år vart klokka stilt ein time fram i mars og søndag 25. oktober skal den stillast tilbake frå 03.00 til 02.00.

Det er ikkje alltid like lett å huske kva veg klokka skal stillast. Ein god regel kan vere at det alltid er mot sommaren, fram om våren og tilbake om hausten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380