Stabilt i Sunnylven Bondelag

Sunnylvsbøndene vil ha spreiefrist for husdyrgjødesel ut september.

Sunnylvsbøndene vil ha spreiefrist for husdyrgjødesel ut september.

Peder Hellebostad held fram som leiar i Sunnylven Bondelag. Stabilt er det også i resten av bondelagsleiinga med berre eitt nytt styremedlem.

Sunnylven Bondelag har halde årsmøte på Sunnylvsbygda Grendahus. Der møtte rundt 30 medlemer av rundt 70 som er tilslutta laget. På saklista stod vanlege årsmøtesaker som alle vart klubba gjennom samrøystes. Og som vanleg vart det servert juletallerken til dei frammøtte.

Ved val vart Peder Hellebostad samrøystes attvald som leiar, eit verv han fram til no har skjøtta i eit tosifra antall år. Resten av styret fekk denne samansetjing etter at Oddvar Tynes sa frå seg attval : Jørgen Helset, Jørn Stadheim, Gunnhild Live Foldal, Peder Rune Tronstad, Kurt Erik Sundgot (ny).

Varamedlemer: Astrid Tronstad Dyrkorn, Johan Inge Kjellstad, Knut Sundgot.

Styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, Petter Melchior var på årsmøtet, og i sitt innlegg kom han inn på politiske saker som vedkjem næringa og som bondelag og regjering ikkje har same synet på. Han fortalde også litt frå drifta si på Melchior-garden i Norddal.

På årsmøtet vart det vedteke at Bondelaget skulle søkje om permanent utsett spreiefrist for husdyrgjødsel. Fristen for spreiing på grasmark har vore 15. september, men bøndene ynskjer 30. september som siste frist.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380