Sunnylven skule fekk skattepengar

Karl Kristian Langeland sparer 900.- kroner i året etter det nye skatteframlegget. Pengane gav han til elevane og skulen i heimbygda. Lærar Kari Hauso Stadheim tok mot gåva.

Karl Kristian Langeland sparer 900.- kroner i året etter det nye skatteframlegget. Pengane gav han til elevane og skulen i heimbygda. Lærar Kari Hauso Stadheim tok mot gåva.

Etter framlegg til Statsbudsjett for Norge får lønsmottakarar med vanleg god løn ein skattelette på rundt 2.50 kroner pr. dag, varierande litt etter inntekt og lån. Eit framlegg som journalist Karl Kristian Langeland synest lite bra om.

Nyleg skreiv bondeguten og medierådgjevaren frå Sunnylven og Hellesylt på facebook dette om framlegget frå regjeringa;

-Omlag 2,5 kroner meir for dag er det eg får, om kalkulatorane på nett stemmer, etter at dei nye skattereglane vert innførte. Eg får med andre ord 900 kroner meir å rutte med i året. Dette er pengar eg knapt kjem til å merke noko av i den store samanhengen og eg skulle mykje heller sett at småkronene mine gikk til fellesskapet eller til gode organisasjonar som gjer ein god jobb. Difor gode vener på Facebook: Kva formål skal mine 900 kroner gå til? Kom med gode forslag så skal eg plukke ut ein eller fleire som får mine små lappar! Og kven veit! Kanskje kan fleire bidra på denne måten også? (Den såg de vel ikkje kome frå ein sunnmøring?!)-.

Til skulen i heimbygda

Karl Kristian Langeland fekk mange velmeinande tips om kven han burde gje skattekronene han vil spare i året. Forslag på Dyrevernalliansen, Leger utan grenser, Amnesty, Røde kors, eller SOS barnebyar var mellom forslaga. Han bestemte seg til å gje pengane til Sunnylven skule i heimbygda.

-Eg gjer ikkje dette for å profilere meg sjølv, men for å pirke litt i eit skatteforslag som eg synest er tullete. Dette blir småpengar som folk ikkje vil merke. Men tusen kroner mindre i skatt til tre hundre skattebetalarar i Sunnylven utgjer eit godt beløp som kunne blitt brukt på betre skule og eldreomsorg som eg er oppteken av-.

Sist søndag overrekte Karl Kristian Langeland 900.- kronene til Sunnylven skule og elevane der. Lærar Kari Hauso Stadheim tok i mot og takka så mykje. Korleis pengane skulle brukast ville bli drøfta på skulen, men «gamlelæraren» til Karl Kristian var sikker på at pengane skulle bli til glede for elevane i ei eller anna form.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380