LokalnyttLokalsport

Sunnylven skyttarlag jubilerer

Knut Jon Frøysa er ein av fleire som har blitt løfta på "gullstol" av gode skyteprestasjonar. Her av Jan Erik Øksvang t.v. og Rolf Matvik i 2002.
Knut Jon Frøysa er ein av fleire som har blitt løfta på «gullstol» etter gode skyteprestasjonar. Her av Jan Erik Øksvang t.v. og Rolf Matvik i 2002.

Sunnylven skyttarlag er 150 år. Laurdag 17.oktober feirar laget seg sjølv med jubileumsfest på Tronstad grendahus.

Skyttarsporten er gamal i Sunnylven. I bygdebok for Sunnylven og Geiranger er det fortalt at det var tre skyttarlag i bygda den fyrste tida. I 1865 vart det dreiv noko skyting på Frøysa i Sunnylvsbygda. Seinare, i 1884 kom det skyttarlag i Langedalen og i 1915 vart Hellesylt skyttarlag skipa.

Skyttarane i Sunnylven hadde ikkje eiga skytebane dei fyrste åra. I bygda brukte dei ei gamal fjøsdør eller breie trefjøler med blink på, medan dei på Tronstad fann si løysing med å måle blink med svart måling på steinheller.

Samanslåing

Det var eit sakn at ein ikkje hadde ei skytebane til rådvelde. Men i 1924 fekk Hellesylt skyttarlag leigekontrakt på eit område i Steimsåsane og der kom skytebane med hus og utstyr. Deretter vart det samling i eitt lag med skiping av Sunnylven skyttarlag i 1925. Formann i Hellesylt skyttarlag, Lars Frøysa vart fyrste formann i det nye laget, eit verv han skjøtta fram til 1935. Seinare har mange hatt formannsveret og styrt laget godt.

Som fleirbruksanlegg

Som med all sport varierer oppslutninga i periodar og ei tid på 60-talet var interessa lita for skyting. I 1972 kom det framlegg om å slå saman Sunnylven og Stranda til eitt skyttarlag, men slik gjekk det ikkje. Sunnylven heldt fram som sjølvstendig skyttarlag og gjekk inn i ein tidsbolk med aktive som leverte skyteprestasjonar det vart lagt merke til også på landsplan.

Skytesporten i Sunnylven hadde behov for eit nytt anlegg etter som bana i Steimsåsane var «gått ut på dato», og ei ny bane vart til i Hyttehola ved Tronstad i 1988. I dag er dette anlegget utvida til eit mykje nytta fleirbruksanlegg for skyting, langrenn og skiskyting.

Miniatyrbane

Eit anna viktig anlegg til skyttarlaget er miniatyrskytebana i klubbhuset på Hellesyt stadion. Den vart teka i bruk i 1998. Ei topp moderande 15-meters bane med elektronisk anvisning, brukt til både trening og stemner. Her blir den årlege Bedriftscupen arrangert, ein skytekonkurranse over fleire kveldar mellom røynde og mindre erfarne skyttarar av begge kjønn.

Jubileumsfest

Sunnylven skyttarlag har hatt mange dugande skyttarar opp gjennom åra. Mange av laget sine medlemer har hamna på «gullstol» etter prestasjonar som har vist att både lokalt og nasjonalt. Laurdag 17. oktober skal 150 år med mykje jubel og blanke medaljer og pokalar for skyteprestasjonar feirast på Tronstad Grendahus med både bygdefolk og innbedne gjestar til stades.

Ei veke før festen har vel 40 meldt seg på, men Ivar Fivelstad, ein av laget sine aller beste skyttarar dei siste åra og formann i jubileumsåret håper på fleire. Det blir fest med godt prat, god mat og god drikke, lovar han. Og seinare på kveld blir det musikk ved trubadur Fløtre frå Volda.

Medrekna dei som skyt opp til jegerprøve har Sunnylven skyttarlag 160 medlemer.

Også damene fyrer laust på miniatyrskytebana. Her er frå venstre Kirsti Frøysadal Hauge, Linn Kammen og Hanne Kvamme.
Også damene fyrer laust på miniatyrskytebana. Her er frå venstre Kirsti Frøysadal Hauge, Linn Kammen og Hanne Kvamme.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380