Synfaring på Kløvstien ved Vardejuvet
Turvegen ligg på toppen av fjellhammaren. Det er høgt ned i elva ved Vardejuvet
Ved Vardejuvet i Sunnylvsbygda blir det synfaring etter den gamle Kløvstigen torsdag 22. oktober der representantar frå Vegvesen, fylkeskonervator og Stranda kommune deltek.
Å oppretthalde vegforbindelse forbi anleggsområdet på Fv 80 under utførelse av prosjektet blir ei utfordring. Statens Vegvesen region Midt som planlegg utvidingsarbeidet er usikker på styrken til muren i framkant av eksisterande veg, om den kan rause ut under sprenging. Det blir difor vurdert å anlegge ein midlertidig omkøyringsveg på den gamle Kløvstigen oppe på hammaren.
Spektakulær utsikt
I brev frå fylkeskonservatoren går det fram at Kløvstigen er eit viktig kulturminne og bør takast vare på. Kløvstigen som i eldre tider var veg til øvre del av Sunnylvsbygda var bygd frå 1778 til 1800. I dag er vegen mykje nytta som tursti, skriv fylkeskonservatoren.
-Langs kanten på Kløvstigen står stabbesteinar og der er ein hellar som tidlegare vart nytta til overnatting og som leplass. Stigen ligg heilt på kanten av noverande vegtrase og har eit «spektakulært nedsyn» til gjelet. Vi ber om den største forsiktigheit med omsyn til den gamle bygdevegen når utbetring skal gjerast-, heiter det til slutt i brevet frå fylkeskonservator.
Må bygge omkøyringsveg
Arne Leikanger i Vegvesenet opplyser at ein no vil vente til synfaringa er ferdig før ein går vidare med planleggingsarbeid. Han er klar på at det må etablerast ein omkøyringsveg. Eit senario der muren på Fv 80 rausar ut under sprenging vil gjere øvre del av Sunnylvsbygda veglaus, seier Leikanger.

