Tombola fylte fotballkonto

Kontoen til yngres avdeling fotball i Sunnylven IL gjorde eit byks laurdag. Då arrangerte fotballbestemødre tombola og fekk inn over 20.000.- kroner.
Inghild Storstein og Laila Røyrhus elskar tombola og fotballkampar med dei unge ballsparkarane i Sunnylven Fotball på bana. Og etter årets sesong tykte dei at jentene og gutane hadde vore så flinke at dei fortente ei eller anna belønning. Dei to damene, eller bestemødrene gjorde slik dei gjorde til inntekt for ungdomskoret Joyful for nokre år tilbake, dei laga tombola.
Laurdag inviterte dei til treff på Sunnylven kyrkjelydshus der dei let vinnarluka styre utdelinga av 350 gevinstar. Med over hundre som kom var tombolagevinstane og fleire kaker ute på halvannan time. Det resulterte i over 20.000.- kroner-
-Eg må berre seie at våre forventningar vart innfridd til fulle. Vi har ikkje talt opp nøye på krone og øre enno, men med 5.000.- frå kakesalet, kaker baka av fotballbestemødre bikkar vi nok 20.000.- , seier Inghild Storstein.
-Pengane går til yngres avdeling i Sunnylven Fotball. Vi ville at pengane skal gå til noko konkret, til noko kjekt for dei unge fotballtalenta, men kva det blir er ikkje klart enno, seier Inghild som takka både dei som hjelpte til og dei som gav gevinstar til det vellukka arrangementet.