Tre plakettvinnarar i Fjellrosa 4H

Søndag var det haustfest for 4H på Sunnylvsbygda grendahus. Her var det utstilling av 4H-prosjekt, program, bevertning og utdeling av 4-H merke.
Som vanleg var det godt frammøte og mange fine oppgåvearbeid som prega Fjellrosa 4H sin haustfest også i år. Variasjonen i oppgåveval var også denne gongen god og stor mellom både unge og eldre. I år var det fem aspirantar som hadde fullført og utstilling av sine oppgåver. Men mange fleire unge er med i Fjellrosa 4H og kjem med sine utstillingar kanskje alt neste år.
Tre medlemer i klubben har fullført og gjort seg fortent til høgaste utmerking innan 4H og fekk på haustfesten tildelt plakettnål. Til våren ein gong blir det tur til Molde på Anette Frøysa, Irene Trøen Frøysa og Lars Kvam Karbø for å få overrekt 4H-plaketten i lag med fleire andre frå klubbar i Møre og Romsdal.
Haustfesten til Fjellrosa 4H vart besøkt av mange. I tillegg til å sjå på utstillingane fekk dei både litt underhaldning og servering.
Anne Grete Langleite har vore leiar i styret for Fjellrosa 4H. Andre styremedlemer Lars Kvam Karbø, Anette Frøysa, Katrine Øksvang, Ottar Frøysa Hellebostad.
Klubbrådgjevar A: Ester Kjellstadli.
Klubbrådgjevar B: Silje Stadheim.
Her er lista over medlemer som stilte ut oppgåvearbeid og fekk tildelt 4H-merke.
Aspirantmerke: (10 år)
Johan Marius Alme, Aspirantmat
Emil Frøysa, Aspirant
Elias Helset, Ved sjøen
Sverre Martin Røyrhus, Bli med ut
Ida Susann Tronstad, Aspirantmat
Bronsemerke: (12år)
Natalie Trøen Frøysa, Vi baker
Fagskjold i bronse: (15 år)
Katrine Øksvang, Fritt val (Konfirmasjonen min)
Fagskjold i sølv: (16 år)
Ottar Frøysa Hellebostad, Lær deg å bruke mot.
Ole Iver Kjellstad, Vi lagar leir
Fagskjold gull: (17 år)
Johanne Tryggestad, Hest
Plakettnål (18 år)
Anette Frøysa, Fritt val. (Heimelaga gåver og kort)
Irene Trøen Frøysa, Fritt val (USA utveksling)
Lars Kvam Karbø, 4H-kokken
Alle foto: Gunnar Sårheim Fivelstad.