21. april 2026

TV-program frå Øv-Ljøsetra

Øv-Ljøsetra 2008. (Foto: Audun Brekke Fjeldheim)
Øv-Ljøsetra 2008. (Foto: Audun Brekke Fjeldheim)

Torsdag 19. november sender TV 3 det fjerde programmet i ein serie på seks dei har kalla «Eventyrlig oppussing». Det timelange programmet kjem frå Øv- Ljøsetra i Sunnylven.

Rundt 20. juli sist sommar var eit team frå TV 3 på Hellesylt for å lage eitt av seks program i serien «Eventyrlig oppussing». Serien handlar om å pusse opp eit prosjekt til fjells, ved sjøen eller til skogs og forvandle det til ei perle i vill og vakker natur. På Hellesylt var oppdraget å pusse opp hytta/selet til Bente og Frank Bonsaksen oppe på Øv-Ljøsetra.

-På Øv-Ljøsetra fann vi det vi var ute etter, alle kriterier var på plass. Hytta, den spektakulære utsikta med fjorden og fjella var perfekt, og familien med Bente og Frank var hyggelege å samarbeide med. Eit team på fire jobba i seks dagar med oppussinga, og siste dag kjem Bente og Frank til setra der dei får ei hyggeleg overrasking. Staden og det heile var ei perle for innspeling av eit TV-program, seier produksjonsleiar Mads Pettersen.

Serien «Eventyrlig oppussing» er på seks program og blir sendt på TV 3 torsdagar kl. 21.55. Fyrste program kjem torsdag 29. oktober, og det fjerde frå Øv-Ljøsetra blir sendt 19. november.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →