Vann siste kamp

Sunnylven sitt jenter 16, 9er-lag vann 9-4 over MSIL 9er på Hellesylt stadion måndag. Det var sesongens siste kamp.
J16-laget til Sunnylven har hatt Kirsti Frøysadal Hauge og Knut Dag Langeland som trenarar og Geir Frøysa som oppmann. Tre gutespelarar har vore i stallen og fekk etter dispensasjon frå Sunnmøre Fotballkrets spele på laget då klubben ikkje hadde anna fotballtilbod til dei tre i år. J16 9er har hatt ein fin sesong, spela 12 kampar der seks enda med sigrar og seks med tap. Det vart 18 poeng som er tredje plass på tabellen.
Sjå alle kampresultat her: http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Terminliste/?tournamentId=144644
Måndag vart det siger 9-4 over MSIL 9er på Hellesylt stadion, men nettopp MSIL kan kapre tredje plassen då dei har igjen to kampar, mot Stranda og Larsnes.
Tabellen her: http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Tabell/?tournamentId=144644