Lokalnytt

-Veldig glade i tombola.

Tombola 1

Laurdag 31. oktober blir det tombola på Sunnylven kyrkjelydshus. Overskotet går til fotballgruppa og unge spelarar.

-Vi er veldig glade i tombola og vi likar fotball og ungar. Når vi slår i hop det blir det tombola til inntekt for dei unge fotballjentene og gutane våre. Det seier Inghild Storstein og Laila Røyrhus, litt beskjedent over eigne påfunn.

Det er ikkje fyrste gongen dei to set i gong tiltak for å få inn nødvendige middlar for å drive gode tiltak i bygda. For nokre år sidan laga dei ein liknande tombola for ungdomskoret Joyful.

No er det altså aktørane i yngres avdeling fotball som får glede av tombola-lysta. På kyrkjelydshuset blir det i tillegg til 400 gevinstar og 4000 snurrelodd også stort kakebord å handle frå. Laila og Inghild håper mange kjem innom kyrkjelydshuset til eit hyggeleg treff siste laurdag i oktober frå kl. 12.00

-Vi i Sunnylven er flinke til å samle inn og gje pengar og gåver til andre. Laurdag håper vi mange er med å støttar våre eigne, seier dei to.

Tombola 2

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380