Avslutta øvingshelg med konsert

Sunnylvingane sluttar opp om skulekorpset sitt. Søndag møtte dei talrikt fram på haustkonserten.
Etter ei lang øvingshelg heldt Sunnylven skulekorps haustkonsert på Sunnylven samfunnshus søndag. Leiar i styret for korpset, Anita Langeland ønska vel møtt. Ho var glad for det gode frammøte, og ho takka alle som hadde hjelp til i samband med øvingshelga.
Korpset hadde øvingsdagar både laurdag og søndag, seks timar laurdag og tre timar før konserten søndag. Instruktør gjennom helga var korpset sin faste dirigent Trond Otto Berg, og som gjesteinstruktør på trommer og slagverk var henta inn Andreas Vidhammer frå Sjøholt, elev ved musikklina ved Fagerlia vidaregåande skule.
I to avdelingar fekk 50 – 60 frammøtte høre dei unge musikantane i fleire rytmiske sjangerar, frå populærmusikk, hymner til større verk med fleire satsar. Og publikum lika det dei fekk høyre, for applausen var lang og taktfast. Korpset måtte til med eit ekstra nummer sjølv om ni timar øving på førehand hadde tappa krefter.
I ein pause fekk publikum også høyre to aspirantar, Nikoline Frøysa Hellebostad og Konrad Lade som starta øvingane i haust. Det er god ettervekst i Sunnylven skulekorps, men dei kunne sjølvsagt vore fleire. Instruktør for aspirantane er Wenche Høgalmen Ringdal.
Under vegs oppmoda Trond Otto Berg publikum til å applaudere litt også for Norges musikkorps forbund. I år har Sunnylven skulekorps fått 50.000.- kroner frå forbundet som har gått til nye instrument. Ei trombone og ein kornett var på plass og i bruk, og kanskje kom det xylofon også. –Gode instrument er viktig for at det skal vere kjekt å spele, sa Berg.
Dirigenten gjorde også eit unnatak denne søndagen. -Eg brukar ikkje trekke fram enkeltmusikantar, men denne helga har eg blitt imponert over Hanna Sætreås Kristoffersen. Ho har tidlegare spela B-tuba, men under øvingshelga gjekk ho over til Ess-tuba. Det meistra ho flott, ho har ikkje spela ein einaste bomtone, så ho skal ha ein ekstra applaus, sa Berg. Og det fekk den flinke tubaisten.
Sunnylvingane er stolte av skulekorpset sitt. Og dei kan glede seg til nye musikalske høgdepunkt, julegrantenning fyrste søndag i advent, nissespeling laurdag 12, og julekonsert i Sunnylven kyrkje 13. desember.

