LokalnyttUkategorisert

Då «ljoset» kom i Langedalen

Litlebø kraftverk vart opna 1. juni 2012.
Litlebø kraftverk vart opna 1. juni 2012.

For 89 år sidan, til jul i 1926 kom «ljoset» til Tronstad og Langeland i Sunnylven. Då skildra Brit Lillebø den store hendinga som vi har fått lov å fortelje på nytt.

-Eg har skrive om sola, som sjølvsagt ikkje er å samanlikne med noko anna ljos. Men no har vi  fått noko anna ljos som er det mest fullkomne nest etter sola. I fjor haust vart dei her i grendene og på Tronstad einige om å byggje eit elektrisitetsverk. Så tok dei då til å arbeide med det, når det var ver til det. I vår, då det vart tøya arbeidde dei framover når dei hadde tid, til vinnjå tok til. So i haust att når dei var ferdige med det meste av haustarbeidet tok dei til att. Men so vart det ein kuldebolk så dei ikkje fekk gjera noko, og dei hadde mest slege det frå seg og få det ferdig til jul som dei var tenkte på.

Men so landa det, og då sette dei full stim på, for no skulle det i stand. Og det gjekk bra. Det vart so lengje bra ver at dei fekk det i stand, og no no i kveld solsnudag, lyser det i alle rom i alle heimar rundt i kring. Eg tenkte ikkje eg skulle oppleve den dag eg fekk sjå det, men no er ljoset her, og eg hev sett det. Laura har fått komfyr, og eg dobbel kokeplate. I alt er der fem komfyrar i grenda, og ein steikjeomn og kopla til. Det er svært lettvint , ein slepp å liggje og blåse i rå ved for å få det til å brenne. Hadde dei gamle sett det, hadde dei vel trutt det var trollskap. For oss eldre som hugsar det primitive ljos som dei brukte i vår barndom, vart det noko til skilnad…

Kraftverket

Kraftverket i elva mellom Lillebø og Tronstad kom i produksjon til jul 1926. Maskinane i kraftverket var ein Francisturbin med regulator og ein AEG-dynamo som ytte 60 kw. Linjenettet var ca. 10 km. langt og røyrgata ca. 300 meter med ei fallhøgd på om lag 25 meter, står det å lese i bygdeboka. Kraftverket vart nedlagt då Sunnylven fekk Firdakraft våren 1952.

I dag har Langedalen eit nytt, moderande kraftverk. Litlebø kraftverk som er eigd av fallrettseigarar på Tryggestad og Lillebø opna 1. juni 2012, og har som det gamle installert Francisturbinar. Litlebø kraftverk har tre maskiner med ein stipulert produksjonskapasitet på 27 GWh.

Sjå: http://www.tryggestadkraft.no/

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380