Den nye rådmannen i Stranda

Åse Elin Hole heiter den nye rådmannen i Stranda kommune. Måndag 11. januar neste år er fyrste dag i den nye jobben.
-Eg er litt spent, men gledar meg veldig, seier Åse Elin Hole i ein prat med hellesylt.info . Ho kjem frå jobben som kommunalsjef i Selje kommune der ho har jobba fleire år. No kjem ho nærare heimlege trakter og buset seg på Stranda.
Åse Elin er oppvaksen på Hole i Sunnylvsbygda. Etter skulegang i heimekommunen og fotballspel på juniordamelaget til Sunnylven drog Åse Elin ut og til eit yrkesliv innafor kommunal leiing og teneste. Med eit avbrekk på fire år innanfor psykiatri og veiledande rådgjeving i Vanylven kommune har Selje kommune vore jobbstad fram til no.
Kunnskapsrik
Ho fekk jobb i Selje i 1987 som sjukepleiar, og tok vidareutdanning i helse og sosialadministrasjon i 1990. Etter tida i Vanylven var Åse Elin ønska tilbake til Selje og vart pleie og omsorgsleiar der i 98/99. Ho har vidareutdanna seg gjennom fleire kurs og har mellom anna master i organisasjon og leiing. Dei siste åra har ho jobba som kommunalsjef og eitt år som vikarierande rådmann i Selje kommune. –Eg har ikkje vidareutdanning innan økonomi, men det forstår eg at Stranda kommune har dyktige folk i frå før, seier ho
Var klar for Stranda
Åse Elin Hole var ikkje på jakt etter ny jobb, men fekk tips om at Stranda kommune hadde ledig jobb som rådmann.
-Eg undersøkte litt kva oppgåver og kva type rådmann Stranda var ute etter og fann ut at eg med min bakgrunn ville kunne bidra. Eg vart invitert til samtalar og etter det oppmoda om å søkje. Det var ikkje eit heilt lett val, eg gjekk nokre rundar med meg sjølv om eg var klar til å velje vekk Selje og eg tok med familien min på råd. Eg trur eg brukte tre veker på avgjerda før eg sende søknaden.
Åse Elin Hole vart tilsett som rådmann av Stranda kommunestyre i møte 10. november.
-No kjenner eg berre på skrekkblanda fryd, på ærefrykt og glede over å ha fått jobben. Eg kjenner på ei glede over å få vere med å utvikle Stranda kommune, få halde fram med det gode arbeidet som både administrasjon, politikarar og innbyggjarar har gjort. Men for å kunne lukkast er det viktig med god dialog mellom administrasjon og politikarar. Tanken og målet mitt er å få Stranda til å bli ei god kommune å arbeide og bu i. Men fyrst må eg gjere meg kjend med status, leiarar og politikarar, seier den nye rådmannen, og held fram;
Mange gratulantar
-Å velje ut vesentlege planar og mål kan vere vanskeleg. Eg veit at vi må busette flyktningar i kommunen, og næringsutvikling der bedrifter vil ekspandere er ei anna sak. Og korleis kan ein trygge alle innbyggjarar i kommunen samstundes som ein vil at ting skal skje.
Eg har møtt mange av mine nye kollegaer alt og er blitt godt motteke. Eg er overvelda av alle gratulasjonane eg har fått og gler meg til måndag 11. januar som blir min fyrste arbeidsdag på eit stort, flott rådmannskontor på Stranda. Før det blir det familietur og julefeiring i Brasil med heimreis til 5. januar. Så ventar konsert med Sunnivakoret og Ytre Suløens Jass-ensemble både i Hornindal og Sykkylven 9. og 10. januar, fortel den nye rådmannen i Stranda Åse Elin Hole, andre sopran i Prots-koret.