Eldre lærer databruk

På datakurs på Hellesylt, frå venstre Astrid Taraldset, Lilli Karin Ljøen, kontaktperson Tor Arne Tryggestad, Arnfinn Tryggestad og Anne Marie Stokke.

På datakurs på Hellesylt, frå venstre Astrid Taraldset, Lilli Karin Ljøen, kontaktperson Tor Arne Tryggestad, Arnfinn Tryggestad og Anne Marie Stokke.

Både på Stranda og Hellesylt er det i gong kurs i databruk. Det er Stranda Frivilligsentral som er arrangør av «Seniornett».

«Seniornett» er ei landsomfattande opplæring for eldre i bruk av datamaskin. Både på Hellesylt og Stranda er det i gong kurs, åtte samlingar på dagtid fram til våren.

Det er andre året Stranda Frivilligsentral arrangerer slike kurs. På Hellesylt var fire databrukarar samla på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag der dei øvde på å sende e-post til kvarandre, lærte om bildebehandling, og las nyheiter på nettet. På tidlegare kurs hadde tilsette i Sparebanken Møre rettleia i å betale rekningar over nettbank, fortalde Tor Arne Tryggestad som er kontaktperson for kurset på Hellesylt.

Onsdag var fire på kurs på kyrkjelydshuset, Anne Marie Stokke, Astrid Taraldset, Lilli Karin Ljøen og Arnfinn Tryggestad. Tor Arne Tryggestad hadde håpa at enno fleire kunne møter opp om tre veker. 25. november mellom kl. 12.00 og kl. 14.00 er neste kursdag.

–Odd Jostein Bjørdal og Lars Fivelstad er faste veiledarar på kursa på Hellesylt. Og vi har plass til fleire så er der interesserte kan vedkomande ta kontakt med meg, eller det er berre å møte opp direkte med datamaskin på kyrkjelydshuset. Å delta på «Seniornett» har ei nedre aldersgrense på 55 år, og det er ikkje skummelt eller vanskeleg. Her skal ingen avlegge eksamen, men å lære seg databruk trur eg alle vil ha nytte av, sa Tor Arne Tryggestad.

Kurset kostar 300.- kroner pr. person, men «Seniornett» Klubb Hellesylt får tilbake 150.- kroner som går til kaffi og gosaker på kursdagane. Alle kursa er på onsdag, og dei neste framover er; 25. november, 16. desember, 13. januar, 03. februar, 24. februar, 16. mars.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380