Frå Øv-Ljøsetra torsdag

Torsdag 26. november sender TV 3 «Eventyrleg oppussing» frå Øv-Ljøsetra i Sunnylven.
TV 3 sin serie «Eventyrleg oppussing» handlar om at eit prosjekt til fjells, ved sjøen eller til skogs blir forvandla til i perle i vill og vakker natur, fortalde produksjonsleiar Mads Pettersen til hellesylt.info i oktober.
I Sunnylven på Øv-Ljøsetra fann programskaparane sætra med spektakulær utsikt til fjord og fjell, det dei var ute etter. –Og så var familien Bonsaksen svært så yggelege å samarbeide med, sa Pettersen.
Torsdag kveld kl. 21.30 (merk tida) kjem programmet «Eventyrleg oppussing» frå Øv-Ljøsetra.
Alle foto: MTG TV Norway.

