Frisk og folkerik kveldstrim

Vinterpynta tre like ved trimposten i Kjellstaddalen.
Vinterpynta tre like ved trimposten i Kjellstaddalen.

Unge og eldre slutta stort opp om trimgruppa sin kveldstrim i Kjellstaddalen onsdag. Ved trimposten vart det registrert rekorddeltaking.

Det vart stor folkevandring til ein lett vinterkledd og trolsk Kjellstaddal onsdag kveld. Då vart årets fyrste trimtur i mørke arrangert av trimgruppa i Sunnylven IL, eit trimtreff som samla rekorddeltaking. Leiar i friidrett/trimgruppa, Jostein Ringdal kunne leite fram superlativa i SMS-meldinga; -Fantastisk frammøte i kveld. Som reint trimtreff vart det rekord med 91 frammøtte..

Kjellstaddalen såg ut som ei julegate onsdag kveld, det lyste frå haudelykter og andre lyskjelder, i tillegg til ein knapt halvstor måne. I motsetning til ei veke tidlegare då trimturen fyrst var tenk var det fullklaff med veret. Rett nok beit nokre få kuldegrader uvant i andletet, men nedbør og vind var fråverande. Eit flott arrangement.

IMG_033411

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380