LokalnyttLokalsport

Godkjent, men lavt på prioriteringslista

Standplassbygget i Hyttehola har sigeskadar, mellom anna er taket lekk.
Standplassbygget i Hyttehola har sigeskadar, mellom anna er taket lekk.

Stranda kommune har godkjent dei framlagde planane for utbygging av Hyttehola Fleirbruksanlegg, men anlegga er lavt på prioriteringslista.

Sunnylven Idrottslag og Sunnylven Skyttarlag har felles planar om ei større utbygging i Hyttehola Fleirbruksanlegg. Det gjeld både nye bygg og fornying av eksisterande.

Ut frå planane som er sendt inn og godkjent skal det byggjast nytt klubbhus med ei grunnflate på 337 kvadratmeter  og som skal innehalde varmestove, kjøkken, sanitæranlegg og smørjebod. Overbygget for standplass for skyting 200 meter må renoverast då det gamle har sigeskadar og utett tak, og i tillegg skal det byggjast garasje for trakkemaskin og scooter og ny emit og speakerbud.

Total kostnad er berekna til 2.472.000.- kroner som skal finansierast slik; 650.000.- i lån frå kvar av dei to laga, 824.000.- i spelemiddlar, eigenandel og dugnad 348.000.- kroner. Anlegga det er planlagt å reise ligg langt nede på prioriteringslista i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet og dermed uvisst når det kan bli byggestart.

-Anlegga det er søkt godkjenning for er prioritert på 10. plass under ordinære anlegg i Stranda kommune sin kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i perioden 2012 – 2015. Sjølv om planane er teknisk godkjent gjev det ikkje automatisk rett til stønad frå spelemiddelordninga, heiter det i svar frå Stranda kommune.

Søknad om spelemiddlar blir sendt inn til fylket før 1. desember 2015.

Dette er speakerbua i Hyttehola med eitt av få moderande skiskyttaranlegg i fylket
Dette er speakerbua i Hyttehola i eitt av få moderande skiskyttaranlegg i fylket.
Idrettslaget har ikkje garasje til trakkemaskina. Det håper dei å få snart.
Idrettslaget har ikkje garasje til trakkemaskina. Det håper dei å få snart.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380