Notiser

Hellesylt Boutique & Bar opnar laurdag

Frå opninga av kaffibaren i juli.
Frå opninga av kaffibaren i juli.

I haust har det blitt jobba med utviding og renovering av Hellesylt Boutique & Bar. Alt er ikkje ferdig enno, men laurdag  28. november og søndag 29. november held kaffibaren på Hellesylt ope.

-Vi jobbar for fullt og laurdag blir det opning med sal av Hellesyltkaffi, julekaffi, julete, heimelaga sjokolade og mange andre ting. Det lova eigar Ellen Angelika Fivelstad då vi stakk innom døra til eit lokale under full oppussing torsdag.

Det var til Hellesyltdagane i juli at Hellesylt Boutique & Bar vart opna av ordføraren. Kaffibaren i den tidlegare bokhandelen på Hellesylt vart eit populært tilbod i Gatå.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380