Hellesylt Songlag 1925

Hellesylt songlag A

«Det gamle foto» i dag er Hellesylt Songlag frå 1925. I tekst til biletet skriv Odd Jostein Bjørdal;

-Biletet er teke ein søndags ettermiddag våren 1925. Koret skulle delta på eit stort songarstemne i Ålesund i juni.  Sunnmøre Songarlag blei skipa i 1900 og feira 25-årsjubileet sitt med eit stort stemne i Ålesund 6. og 7. juni 1925.  Hellesylt Songlag skulle altså delta, og no låg dei i «hardtrening» under dirigenten sin, lærar og klokkar Jørgen Flo.

Odd Jostein Bjørdal har lånt oss biletet som er teke ved Helgesvingen av Lars Peder Flo. Sjølv om han då berre var 17 år, var han ein ivrig amatørfotograf.

(Nokre av dei som står bakerst er delvis skjulte, og uråd å identifisere sikkert.  For desse er det derfor sett spørsmålsteikn etter namnet).

Kvinnene frå venstre:  Birgit Tronstad, Sina I. Tryggestad, Kristianne Ljøen g. Muldsvor, Olava Flo g. Bjørdal, Ingeborg Stokke g. Tryggestad, Nikoline Ljøen g. Langeland, Anna Stokke g. Tryggestad, Petra Hellesylt g. Sæther, Ingeborg Hellesylt g. Bjørdal (bak), Brit Tryggestad, Nikoline Frøysa g. Ringdal.

Mennene bak frå venstre: Kristen Stadheim, Ingebrigt Ringdal, Lars Stokke, Ingolf S. Ringdal?, Elias T. Åsen, Lars Holen?, Rasmus P. Tryggestad, Peder Korsbrekke, Petter O. Tryggestad?, Lars O. G. Åsen.

Dirigenten Jørgen Flo står fremst med taktstokken sin.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380