LokalnyttSommardagar på HellesyltSommardagar på Hellesylt 2015

Hellesyltdagane i pluss

Hellesyltdagane 2015 var folkerike i fint ver.
Hellesyltdagane 2015 var folkerike i fint ver.

Hellesyltdagane 2015 vart fullklaff for arrangøren, både vermessig og med stor publikumstilstrøyming. Også økonomisk kom arrangementet solid i mål.

Komiteen for Hellesyltdagane 2015 kalla inn til evalueringsmøte torsdag for årets arrangement. Her vart det bekrefta at det blir Hellesyltdagar også i 2016, i tre dagar frå fredag 8. til søndag 10. juli.

Arrangementet i 2015 vart av dei mest vellukka nokon gong kom fram på evalueringsmøtet. Godt ver, mykje folk og eit solid overskot i arrangørkassa på 50.000.- kroner vart resultatet. Og kanskje det aller beste, heile helga gjekk roleg for seg utan at politi og Stranda Røde Kors hadde større oppdrag.

Stor sommarfest

Det var ein nøgd messekomite som kunne legge fram fakta for ei heller lita forsamling torsdag kveld. Arbeidsutvalet hadde hatt flat struktur der dei seks hadde kvar sine arbeidsområde, sa Ann Kristin Langeland då ho gjekk gjennom dei ulike postane.

Hellesyltdagane er ein stor sommarfest, det fjerde største enkeltarrangement på Sunnmøre, og arbeidsutvalet hadde hatt 10 – 12 møter. Å skaffe programleiar viste seg litt vanskeleg. Til slutt sa Arild Ringdal ja, ein jobb han gjorde på ein god måte. Dyktig var også Rita Berstad Maraak som opna «dagane», tykte komiteen.

Profilerer seg i media

Hellesyltdagane gav ut eiga messeavis også i 2015, den 28. i rekka. Avisa hadde ikkje fast redaktør, men vart produsert på dugnad med god hjelp av eit par personar. Messeavisa på 20 sider vart distribuert i eit opplaget på 35.000 og gav overskot på nær 50.000.- kroner. Neste år kan avisa kome ut i 24 sider, vart sagt. «Dagane» får som i år eiga facebook-side og nett-side.

Som alltid såg mange med spaning på andesleppet i Hellesyltfossen.
Som alltid såg mange med spaning på andesleppet i Hellesyltfossen.

Andre tilskipingar som gav overskot var sal av rekordmange stands-plassar og andesleppet. Kyrkjekonserten kom ut med eit lite underskot, og for teknisk opplegg, artistar på utescena, leige av storskjerm, forsikring, servering av gratis frukost og andre mindre kostnader vart betalt 111.000.- kroner.

Ros til mange

-Generelt er vi fornøgde med Hellesyltdagane 2015. Dei har utvikla seg og er blitt «vaksne», no kan dei ikkje bli større. Men ein kongstanke som vi og mange andre går og håpar på er å arrangere eitt eller anna også fleire dagar om sommaren, sa Svein Sporstøl. Han rosa sine kollegaer i arbeidsutvalet. -Det var av dei kjekkaste åra som eg har vore med i komitearbeid, sa han.

Fleire, både lag og enkeltpersonar fekk skryt av arbeidsutvalet for å ha gjort nyttig arbeid under det store sommararrangementet som Hellesyltdagane har blitt.

Postar blir vurdert

Heile arbeidskomiteen tok attval og er i gong med planlegging av arrangementet 8. til 10. juli neste år. Ein del postar på programmet vil då bli vurdert og kanskje erstatta med nye, som Eliasbåten, gratis frukost, nytt tivoli, oppstillingsplass for fleire bubilar, og parkering i sentrum mot parkeringsbevis.

Attval

Komiteen for Hellesyltdagane 2016; Svein Sporstøl, Ann Kristin Langeland, Per Ove Frøysa, Erik Torset, Ellinor Fivelstad, Eivind Louis Helset. Dei seks ønskjer seg også fleire med i komiteen om nokon har lyst eller gode idear til program.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380