Høge bølgjer om storraset kjem

Til stades på møtet, frå venstre Stine Sætre, Einar Anda, John Kåre Flo, Jan Ove Tryggestad.

Til stades på møtet, frå venstre Stine Sætre, Einar Anda, John Kåre Flo, Jan Ove Tryggestad.

Evakueringshøgde og beredskapsplanar etter ei mogleg flodbølgje av fjellskred ved Åkneset var tema på eit folkemøte på Hellesylt måndag kveld.

Rundt femti frammøtte fekk grundig informasjon om følgjer og beredskapsopplegg etter eit skred frå fjellet ved Åkneset i Sunnylvsfjorden. Det kom klart fram at øydelegginga kan bli stor om det største raset går.

Til stades på møtet var personar frå Stranda kommune, Politi, NVE, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og frå Åknes/Tafjord Beredskapssenter som orienterte og svara på spørsmål.

Millimeterkontroll

Geolog Einar Anda frå NVE gav fyrst ein oversikt av området og fortalde om instrumenteringa i det aktuelle fjellpartiet. Her blir den minste rørsle målt heilt ned til tidels millimeter. Bevegelsen er om lag 5.5 cm. i året, eller vel ein halv meter frå 2006 til 2015. Sist veke var utvidinga 1.4 millimeter, sa Anda. Det som er usikkert er kor mykje fjell som vil ramle i sjøen, så summen av usikkerheit har gjort at det er lagt på oppskyllingshøgda.

Nytilsett fylkesberedskapssjefen, Stine Sætre var også på møtet på Hellesylt. Ho fortalde om planane som blir laga, mellom dei ein objektplan som skal bli ferdig i år og tek føre seg evakuering i faresonen. For Hellesylt og Sunnylven vil det omhandle tettstaden og mykje landområde kring, noko eit fargelagt kart viste.

Aud Lindis Ødegård frå Norddal snakka om konsekvensanalyse for utsette områder der det måtte planleggast for viktige samfunnstenester, som detaljhandel, drivstoff, landingsplass for helikopter og liknande. Planen skulle bli ferdig til september neste år. Ødegård konkluderte med at det er trygt å opphalde seg og arbeide i området ved Storfjorden.

Evakuerer til 136 meter

John Kåre Flo frå Politiet kom med det dei fleste på møtet var mest opptekne av, nemleg oppskyllingshøgde og evakueringsområde. Mykje verka inn på kor høgt bølgja ville slå, botnforhold i fjorden, hastigheit på skredet og kor mykje som rasa ut. På Hellesylt var oppskyllingshøgda sett til 85 meter og for å vere helt sikre hadde ein lagt på 60 prosent for evakueringshøgde, sa Flo. Kartet viser at alt opp til Øye bru i Sunnylvsbygda, Solvegen på Reset og til Fossgrova i Sveabakkane er evakueringssone.

-Men kva med dei som ikkje kjem seg ut grunna øydeleggingane i Sunnylvsbygda, oppe i byggefeltet på Reset. Det er ei utfordring for kommunen. Politiet vil hjelpe til, men det er kommunen sitt ansvar. Kanskje blir ikkje raset stort, men når vi lagar ein plan lagar vi den ut frå verste scenario, sa John Kåre Flo.

Ikkje sprenging

Både leiar i styret for Åknes/Tafjord Beredskap Frank Sve og ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad orienterte og svara på spørsmål frå publikum. Spørsmål om nedskyting av fjellet vart også stilt utan at det fekk tilslutnad frå styreleiaren i ÅTB. Bygging av brannstasjon og sjukeheim kunne ikkje gjerast i rasutsett område, men elles kunne bygdene bygge og utvikle seg som før, vart sagt.

Frå venstre Aud Lindis Ødegård, Jan Ove Tryggestad, Stine Sætre, Frank Sve, Einar Anda, John Kåre Flo, Steinar Belsby.

Frå venstre Aud Lindis Ødegård, Jan Ove Tryggestad, Stine Sætre, Frank Sve, Einar Anda, John Kåre Flo, Steinar Belsby.

Fargelagt området blir evakuert i Sunnylven.

Fargelagt området blir evakuert i Sunnylven.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380