
På søndag ettermiddag dukka tre glade spelemenn opp på Sunnylven omsorgssenter. Det vart eit triveleg musikalsk gjenhøyr med gamle kjente melodiar.
Dei kalla seg Halvards trio karane godt opp i åra, Oddmund Espe på bass, Knut Hanssen på gitar og vokal og Halvard Urke på trekkspel. Dei tre har spela og øvd i lag i fleire år, men tek få spelejobbar. Dei trakterer instrumenta og viseboka fordi dei likar å kome i lag og spel. -Søndag hadde vi ikkje noko anna å gjere så då berre fann vi på å ta turen og håpa bebuarane på Sunnylven omsorgssenter ville like gratiskonsert, sa Knut Hanssen.
Og det gjorde dei, konserten med eit ti-talls melodiar og fleire svenske viser fall i smak, og som vi høyrde at dei fastbuande på omsorgssenteret huska frå år tilbake. Det vart ein «husker du»-konsert slik Børt Erik Toresen og Ivar Ruste leverte det på Tv, nesten enno betre på omsorgssenteret etter applausen å dømme. Og når avslutningssongen, tangoen «Sommernatt i Froland» tona ut lydde taktfaste rop om –ein song til, ein song til… Det vart ein til, men då var det slutt.
-Er det ikkje fantastisk, eg synest det er så flott at folk kjem på huset for å underhalde, og for ikkje lenge sidan også for å lage god middag. Det er så kjekt så vi håper mange fleire har lyst å kome innom, sa tilsett ved omsorgssenteret Ellinor Fivelstad.
