Julebord på Peer Gynt Galleriet

Siste laurdag i november inviterer Peer Gynt Galleriet til julebord med tradisjonell julemat i stemningsfulle lokale.

Siste laurdag i november inviterer Peer Gynt Galleriet til julebord med tradisjonell julemat i stemningsfulle lokale.

Peer Gynt Galleriet, Hellesylt inviterer til julebord i stemningsfulle lokale 28. november.

Peer Gynt Galleriet er stengt for dagleg drift, men ope for spesielle arrangement, som julebord laurdag 28. november. Då blir det servering av tradisjonell julemat, kortreist og av det beste som kan skaffast. Også dessertbordet blir stort og fristande. Det er søkt om og innvilga utvida skjenkeløyve i høve julebordet.

-Påmeldingsfrist til julebordet er sett til 20. november. Vi håper at lag, bedrifter og enkeltpersonar melder seg på til ein triveleg kveld med god servering i julepynta lokale i kunstgalleriet, seier Lena Parr hos arrangøren. Ho fortel at det også er hyra inn live musikk. Dei friske danserytmene skal Bjarne Lunde frå Ålfoten syte for.

Lena Parr håper at mange sluttar opp om julebordarrangementet og melder seg på før fristen 20. november til Monica, mob. 951 20 670.

Sjå: http://www.hellesylt.info/event/julebord-peer-gynt-galleriet/

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380