Løyvde gevinstar

Lone Ringdal t.v. og Hanne Kjellstad er to unge musikarar i Sunnylven skulekorps som begge hjelpte til under juletombolaen
Lone Ringdal t.v. og Hanne Kjellstad er to unge musikarar i Sunnylven skulekorps som begge hjelpte til under juletombolaen

Arrangøren av juletombolaen til Sunnylven skulekorps fekk lodda ut mesteparten av dei 650 gevinstane fyrste søndag i advent.

Mange tok turen til Sunnylven samfunnshus søndag der økonominemda i Sunnylven skulekorps arrangerte sin årlege juletombola.Her var det også høve til å kjøpe kaffi og kaker. Resultatet av tombolaen vart bra, men Rolf Fivelstad i økonominemnda var ikkje heilt fornøgd med resultatet.

-Det var bra frammøte på tombolaen, men mindre enn i fjor og enno mindre enn året før då alle gevinstar gjekk ut. Denne gongen løyvde vi ein del, så når det blir nissespeling i Hellesylt sentrum laurdag 12. desember vil vi selje snurrelodd for å få ut resten av gevinstane. Vi treng all den støtte vi kan få så vi håper folk vil prøve vinnarlukka også den dagen, sa Rolf Fivelstad.

Ferre pepperkakehus

Også i år var det utstilling av pepperkakehus under juletombolaen, nokre ferre enn i fjor. Tre av dei fjorten bidraga vart premierte og vinnarar etter loddtrekning vart;

Markus og Johan Marius Alme, Kristen og Ane Brenne Ringdal og Kai Adam, Sverre Martin og David Røyrhus.

Vinnarane av pepperkakebygg fekk ein liten premie kvar av utdelar Barbro Lade.
Vinnarane av pepperkakebygg fekk ein liten premie kvar av utdelar Barbro Lade.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380