Mange på familiegudsteneste

Det var mykje vakker song under familiegudstenesta, her er Joyful og elevar frå 6. og 7. klasse i samsong med kyrkjelyden.

Det var mykje vakker song under familiegudstenesta, her er Joyful og elevar frå 6. og 7. klasse i samsong med kyrkjelyden.

Mange kom til familiegudsteneste i Sunnylven kyrkje søndag der det var utdeling av 4-års bok, innslag av Lys Vaken-born og mykje song.

Alle var lys vaken då familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag opna med prosesjon . Der var også 13. elevar frå 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule som hadde overnatta i kyrkja frå laurdag til søndag.

Det hadde gått fint. Frå klokka 17.00 på laurdag hadde dei fyrst kosa seg med pizza på kyrkjelydshuset før dei gjekk til kyrkja der dei hadde hatt skule, sett film og øvd på innslag til familiegudstenesta, fortalde sokneprest Stein Karstensen.

Under gudstenesta bidrog dei med både song og eit innslag til preiketeksta, om då Jesus gjekk på vatnet. Det såg dramatisk ut til tider med store bølgjene illustrert med ein stor blå duk dei rista på. Men det gjekk bra. Meir dramatisk var den sjølvopplevde historia sokneprest Karstensen fortalde i preika. Som 13-åring hjelpte han ein yngre som hadde vanskar under bading i sjøen. Også det gjekk bra, han nærmast redda guten frå drukning.

Under familiegudstenesta fekk fem fire-åringar, tre jenter og to gutar si 4-års bok. Det var tydeleg stor stas, og som takk for boka var alle aktivt med i fleire songar saman med sokneprest Karstensen.

Song vakkert gjorde også Joyful, fyrst saman med Lys Vaken-elevane i allsong med kyrkjelyden, og til slutt kor med solistar i «Hele verden blir ny».

Gudstenesta vart avslutta med mektige tonar i postludium, framført av organist Lars Kvam Karbø.

Fem stolte bokeigarar, frå venstre Siril Kjellstadli, Kai-Adam Røyrhus, Tuva Marie Korsbrekke, Oleander Sundgot og Therese Støverstein. Bokutdelar var sokneprest Stein Karstensen.

Fem stolte bokeigarar, frå venstre Siril Kjellstadli, Kai-Adam Røyrhus, Tuva Marie Korsbrekke, Oleander Sundgot og Therese Støverstein. Bokutdelar var sokneprest Stein Karstensen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380