Lokalnytt

Ny suksess for julemesse

Julemesse A

Det var folkerikt under julemessa på Hellesylt laurdag. Både fastbuande og mange tilreisande tok turen til Sunnylven samfunnshus.

Som tidlegare år var det eit variert varetilbod å handle frå på Sunnylven samfunnshus. Her var julebakst av fleire sortar, blomster, ullvarer, bilete og foto og mykje meir. Ingen vil mangle kålrot og poteter til julemiddagen etter å ha besøkt julemessa på Hellesylt, og småfuglane vil også få glade juledagar, for mange store, fine julenek gjekk unna.

Det gjorde også risgrauten til arrangør Sunnylven Bygdekvinnelag. I tillegg hadde laget eit stort og fristande kaffi og kakebord.

Ny og litt spesiell var standen der plakatar med ord og uttrykk frå Stranda og Sunnylven var samla. Gamle, daglegdagse ord ord som no held på å gå i gløymeboka, men som avgjort bør ha sin plass i folkespråket og leve vidare.

Positive tilbakemeldingar

I alt 18 stands deltok på julemessa på Hellesylt i år. Sjølv om det var litt mindre besøk denne gongen enn tidlegare, var stort sett alle deltakarar godt nøgde. Heidi Hauge som tok mot påmelding til julemessa gjekk rundt å snakka med dei fleste etter at det heile var slutt laurdag. Tilbakemeldingane var positive, mange hadde selt både det dei hadde tenkt å selge og det som skulle vere med heim, hadde dei fortalt. Og fleire positive kommentar kom på SMS ut over laurdagskvelden, noko som var kjekt å få, sa Heidi Hauge.

Arild Ringdal og Anne Katrin Flydal har samla ord og uttrykk frå Stranda og Sunnylven og samla dei på ein stor plakat. Ei fin julegåve.
Arild Ringdal og Anne Katrin Flydal har samla ord og uttrykk frå Stranda og Sunnylven og samla dei på ein stor plakat. Ei fin julegåve.
Andrea Kjellstad stod på standen til Stranda Blomster.
Andrea Kjellstad stod på standen til Stranda Blomster.
Både Else Kjersem Frøysa og Oddrun Lødøen Helset tykte at risgrauten til bygdekvinnelaget var god.
Både Else Kjersem Frøysa og Oddrun Lødøen Helset tykte at risgrauten til bygdekvinnelaget var god.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380