Lokalnytt

Nytt møte om Vardegjølet

Mykje is i fjellhammaren i tillegg til smal vegbane er vanleg ved Vardegjølet vinterstid.
Mykje is i fjellhammaren i tillegg til smal vegbane er vanleg ved Vardegjølet vinterstid.

Måndag 23. november held Vegvesenet nytt møte om planane for utviding av vegen ved Vardegjølet i Sunnylvsbygda.

På møtet fyrstkomande måndag blir det orientering om planarbeidet og drøfting av kva løysing ein skal gå for når det gjeld utbetring av vegen ved Vardegjølet. Det kan bli berre ei minimumsløysing med nytt rekkverk, dekke og drenering, eller full breiddeutviding av vegen, heiter det i innkallinga til møtet.

Vegvesenet håpa å kunne ruste opp den gamal kløvvegen i området som avlastingsveg under anleggsarbeidet ved Vardegjølet. Ei synfaring med representantar frå fylkeskonservatoren vart avlyst grunna sjukdom, men i brev der i frå heiter det; –Kløvstigen er eit viktig kulturminne som bør takast vare på. Vi ber om den største forsiktigheit med omsyn til den gamle bygdevegen når utbetring skal gjerast-.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380