LokalnyttLokalsport

Pizzafest for fotballfolket

Frå pizzafesten i fjor, fotballeiar Leif Rune Tryggestad til venstre saman med Ramazan Øcal.
Frå pizzafesten i fjor, fotballeiar Leif Rune Tryggestad til venstre saman med Ramazan Øcal.

I kveld inviterer styret i Sunnylven Fotball trenarar, oppmenn og andre gode hjelparar til sosial samling og servering.

Det har blitt tradisjon at alle som har hjelpt til med trening og avvikling av kampar gjennom fotballsesongen i Sunnylven blir invitert til samling og enkel servering. I kveld torsdag 12. november er trenarar, oppmenn og andre gode hjelparar i fotballfamilien invitert til Øcal restaurant på Hellesylt, til servering av pizza og brus så mykje kvar enkelt orkar.

Sunnylven Fotball hadde sju lag med i aldersbestemte klasser i år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380