Lokalnytt

Røyratunnelen opnar til jul

Den 440 meter lange Røyratunnelen som er del av tredje byggesteg i rastrygginga av fylkesveg 60, strekninga Røyr – Hellesylt blir opna i desember.

[metaslider id=11338]

Til hausten 2016 er rastrygginga av fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Røyr ferdig. Når den nye 3650 meter lange Ljøtunnelen står ferdig er 13.0 kilometer veg sikra mot ras. Heilt frå Ljøvegen vart opna i september 1962 har denne vegstrekninga ofte blitt stengd vinterstid grunna ras og rasfare.

I desember og før jul opnar Røyratunnelen for trafikk, opplyser prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen og som fortel at det no pågår montering av lys i betongtunnelen. Den 440 meter lange tunnelen har same mål som andre fjelltunnelar med ei fri høgde på 4.6 meter og skal sikre trygg ferdsel mot Vassfonna og Røyrfonna, fortel Stavseng.

Betongtunnelen på Røyr blir dekt med stein og jord så heile området blir godt arrondert jordbruksland etter at det heile er ferdig.

I Ljøtunnelen som blir opna hausten 2016 er dei i gong med å montere vannsikring. Rassikring av fylkesveg 60, Røyr – Hellesylt starta opp i 2009 og har totalkostnad på 1.12 milliardar 2013-kroner.

Alle bilete er tekne av Linn Silseth/Statens vegvesen.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info