Sanitetsdamer på førjulstreff

Peer Gynt Galleriet var julepynta i høve festen til sanitetsdamene.

Peer Gynt Galleriet var julepynta i høve festen til sanitetsdamene.

Torsdag kveld inviterte Sunnylven sanitetslag til førjulstreff med gjestar i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt, i eit julepynta lokale.

Det vart stort selskap då Sunnylven sanitetslag baud inn til førjulsfest med program og servering. I tillegg til fleire av eigne medlemer var der eit tjuetalls tilreisande gjestar frå Vikebygda sanitetslag i Volda og frå Hornindal sanitetslag. Sist vinter var Sunnylven sanitetslag invitert til Hornindal, torsdag kveld var det gjenvisitt.

I eit julepynta Peer Gynt Galleri kunne leiar i vertslaget, Kari Hauso Stadheim ønske vel møtt til rundt femti unge og eldre festkledde damer. Både juletre og fleire julestjerne lyste så vakkert og i tillegg pryda både blomar og ljos opp i festlokalet.

Ei krus julegløgg var velkomstdrikk denne kvelden og deretter vart det tid for litt underhaldning. Oddbjørg Stadheim var hyra inn for å synge, fyrst «Eit lys i mørketida» av Trygve Hoff og deretter «En stjerne skinner i natt» og «Himlen i min favn». Inghild Storstein las to dikt av Ivar E. Ringdal, mellom anna «Høgaltaret».

I godt lag høyrer med god mat og drikke. Koldtbordet hadde det meste både for syn og andre sansar, der var brød, salatar og spekemat frå bygda si eiga medaljesankande bedrift. Seinare kom også fleire sortar kaker og kaffi på borda.

I Peer Gynt Galleriet er utstilt unike trerelieff frå kunstnaren Oddvin Parr sitt arbeid. Medlemane frå Sunnylven har nok sett Peer Gynt-bileta fleire gonger, og torsdag fekk dei tilreisande også høve til å sjå inn i kunstgalleriet med Kari Hauso Stadheim som omvisar. Det meste av innhald og replikkar kring bilda sat framleis igjen frå då ho og Oddvin spela Per og mor Åse under omvisningar.

Førjulstreffet til Sunnylven sanitetslag vart vellukka, drøsen på Peer Gynt Galleriet var god slik den skal vere i godt lag. Det mangla nok ikkje på tema å snakke om no i ei travel førjulstid for alle.

Kakebordet.

Kakebordet.

Mange fylt Peer Gynt Galleriet og fekk høyre mellom anna Oddbjørg Stadheim synge

Mange fylt Peer Gynt Galleriet og fekk høyre mellom anna Oddbjørg Stadheim synge

Inghild Storstein las dikt av Ivar E. Ringdal.

Inghild Storstein las dikt av Ivar E. Ringdal.

Kari Hauso Stadheim tok med seg gjestar frå Hornindal og Vikebygda og viste fram unik treskjerarkunst.

Kari Hauso Stadheim tok med seg gjestar frå Hornindal og Vikebygda og viste fram unik treskjerarkunst.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380