Lokalnytt

Serverte Prinsefisk og Tilslørte bondepiker

Kokkeelevar, frå venstre Erik Viggehagen, Geiranger, Sandra Hjelle, Sykkylven, Jeannett Lien, Stordal.
Kokkeelevar, frå venstre Erik Viggehagen, Geiranger, Sandra Hjelle, Sykkylven, Jeannett Lien, Stordal.

Tysdag vart det servert festmiddag på Sunnylven omsorgssenter. Det stod elevar frå Stranda vidaregåande skule for.

På Sunnylven omsorgssenter fekk bebuarane servert middag laga på husets eige kjøkken. Tre kokkeelevar frå Restaurant –og matfaglinja stod for tilbereding av middagen og tre elevar frå Helse og oppvekstlinja ordna med dekking av småbord, tillaging av dessert som var Tilslørte bondepiker og servering av det heile. I tillegg var to faglærarar, Per J. Alnes og Ruth Hole Aaland med som hjelparar.

Dei 26 bebuarane fekk både festmat og eit næringsrikt måltid. Faglærar ved Stranda vidaregåande skule, Per J. Alnes fortalde at dei ved skulen hadde jobba fram eit næringsrikt måltid, Prinsefisk av torsk med kvit saus, gulrot, brokkoli og poteter til.

Matlukt skjerpar appetitten

–I dag har vi skrudd av alle vifter for at bebuarane skal få kjenne matlukta, skjemta faglæraren då vi fekk ein prat i kjøkkendøra. -Sjølv om dei får levert god mat frå storkjøkken som blir varma opp kvar dag, blir det vel ikkje som å lage maten på staden og frå grunnen av. Der er vi samde med landbruk og matminister Sylvi Listhaug som held fram at å kjenne matlukta skjerpar appetitten hos eldre. Å ha eigen kokk kan vel heller ikkje fordyre, han kan då gjere andre ting også når han ikkje lagar mat. Og her ved Sunnylven omsorgssenter har dei eit lite, men godt kjøkken så her går det fint å lage all slag mat. sa Per J. Alnes.

Fyrste gong ved omsorgssenteret

Restaurant –og matfaglinja ved Stranda vidaregåande skule har jamt god søknad kvart år. Elevane kjem stort sett frå Stranda og kommunane kring. Dei fleste blir institusjonskokkar i kommunane og på Muritune i Valldal, men andre utdannar seg også vidare og jobbar i restaurant og turistnæringa.

Elevar frå Stranda vidaregåande skule har besøkt aldersheimen på Stranda tidlegare, men på Sunnylven omsorgssenter var det fyrste gongen tysdag. –Vi kjem gjerne igjen, minst ein gong i året, sa Per J. Alnes.

Og styrar ved Sunnylven omsorgssenter, Siw Vangen sette pris på besøket. –Det var veldig kjekt at dei ville kome. Eg sende ein kort forespørsel til faglæraren og fekk positivt svar med ein gong. Vi håper dei kjem igjen om ikkje alt for lenge.

Dekka bord og serverte, frå venstre Kine Flåm Emdal, Julia Chmielewska, Camilla Torkildsen, alle frå Stranda.
Dekka bord og serverte, frå venstre Kine Flåm Emdal, Julia Chmielewska, Camilla Torkildsen, alle frå Stranda.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380