Lokalnytt

Skal avle eige kålrotfrø

Per Ingebrigt Karbø hadde poteter og kålrot til sals under julemessa. Her får Torunn Hauge smake på kålrota..
Per Ingebrigt Karbø hadde poteter og kålrot til sals under julemessa. Her får Torunn Hauge smake på kålrota.

Per Ingebrigt Karbø hadde kålrot av sorten Bangholm Ruta Øtofte til sals under julemessa på Hellesylt, ei god og søtleg rotfrukt.

Det har vist seg vanskeleg å få kjøpe frø av sorten Bangholm Ruta Øtofte. Frøet som Per Ingebrigt Karbø har dyrka kålrot av på Karbø Gard er avla fram på Vereide. Ein bonde der var på tur til Danmark for nokre år sidan og kom heim med ein neve kålrotfrø. På Vereide har sorten blitt dyrka både til mat og som frø, og som frø kom den beste kålrota også til Karbø.

Avlar frø sjølv

No er bonden på Vereide rundt 90 år og sluttar med frødyrkinga. Men på Karbø i Sunnylven skal det halde fram fortalde Per Ingebrigt. Til våren set han hundre kålrot som skal gå i stokk og utvikle nye kålrotfrø. Dei blir klare til såing i 2017.

På Karbø blir kålrota dyrka utan sprøytemiddel under fiberduk for å unngå angrep av kålfluge. Fiberduken har vist seg svært effektiv mot kålfluga sine egg som blir rotmark og skadar knollane. Og for å få ei ekstra god kålrot til mat gjeld det om å gjødsle rett, mellom anna med mikronæringsstoffet bor, fortalde Per Ingebrigt Karbø.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380